Musikk
Nasjonalbiblioteket har den største samlinga av norsk musikk i landet.
Samlinga inneheld lydopptak, notetrykk, musikkmanuskript, bøker, tidsskrift, dokumentasjon og arkiv etter privatpersonar og organisasjonar. Ho omfattar også ei rikeleg utanlandsk note- og referansesamling. Nasjonalbiblioteket fungerer som nasjonalt arkiv for norsk folkemusikk, vise- og songtradisjon, jazz og populærmusikk og har ei publiseringsteneste for norsk samtidsmusikk.
Musikkmaterialet er tilgjengeleg for publikum i Henrik Ibsens gate 110 i Oslo. Alt materialet må tingast på førehand. Materialet som ikkje er til utlån, kan brukast på eigne lytterom og studieplassar. Lytterom kan tingast på førehand og det er også mogleg å tinge digitale kopiar frå lydarkivet i Rana.
Har du spørsmål, send e-post til musikk@nb.no.
Søk vidare i musikkbasane våre
-
Jazzbasen Diskografi over norske jazzutgjevingar. Informasjon om innspelingar med norske musikarar frå 1905 og fram til våre dagar.
-
Visekatalogen Reiskap for å finne fram til ulike viser. Søk på visetittel, førstelinje, refreng, tekstforfattar, komponist og utøvar.