Pliktavleveringsloven - Se også Forskrift om avleveringsplikt
1. Føremål
2. Geografisk verkeområde
3. Definisjonar
4. Kva som skal avleverast
5. Kven som skal avlevera m.m.
6. Når den avleveringspliktige ikkje er handlefør
7. Inndrege dokument
8. Tvangsfullføring
9. Straff
10. Ikraftsetjing
Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument
Ot.prp. nr. 52, Innst. O. nr. 67 og Besl. O. nr. 84 (1988-89). Vedtak i Odelstinget 20. mai og Lagtinget 25. mai 1989. Fremja av Kultur- og vitskapsdepartementet.
§ 1. Føremål
Føremålet med denne lova er å tryggja avleveringa av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verta bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
§ 2. Geografisk verkeområde
Kongen kan fastsetja at lova og skal gjelda for Svalbard og den norske delen av kontinentalsokkelen.
§ 3. Definisjonar
I denne lova vert desse omgrepa nytta slik:
Medium: noko som kan lagra informasjon.
Dokument: eitt eller fleire like eksemplar av eit medium som lagrar informasjon for seinare lesing, lyding, framsyning eller overføring.
Utgjevar: den som for eiga rekning lagar eller far laga eit dokument for å gjera det tilgjengeleg for allmenta
Produsent: den som framstiller eksemplar av eit dokument for ein utgjevar
Importør: den som for eiga rekning tek inn i landet dokument utgjeve i utlandet, for å gjera det tilgjengeleg for allmenta i Noreg.
Eit dokument er gjort tilgjengeleg for allmenta når:
eksemplar av dokumentet vert bode fram for sal, utleige eller utlån, eller når dokumentet på annan måte vert spreidd utanfor ein privat krins
informasjonen i dokumentet vert gjord tilgjengeleg utanfor ein privat krins gjennom framføring, framsyning, kringkasting, direktekopling e.l.
§ 4. Kva som skal avleverast
Dokument som er gjort tilgjengeleg for allmenta skal avleverast slik:
Dokument av papir eller papirliknande medium, mikroformer og fotografi i sju eksemplar
Lydfesting, film, videogram, edb-dokument og kombinasjonar av desse dokumenttypane i to eksemplar
Opptak av kringkastingsprogram i eitt eksemplar. Dokument laga i utlandet skal berre avleverast dersom det er laga for norsk utgjevar eller særskilt tilpassa allmenta i Noreg.
Kongen kan gjera unnatak frå eller avgrensa avleveringsplikta og gje særskilde føresegner om kva form eller kvalitet avleveringseksemplar skal ha og om kva opplysningar som skal følgja dokumentet.
§ 5. Kven som skal avlevera m.m.
Avleveringsplikt kan påleggjast utgjevar, produsent og importør av dokument som vert gjort tilgjengeleg for allmenta, og dessutan den som i kraft av lov eller konsesjon har rett til å driva kringkasting.
Dokument skal avleverast utan vederlag. Når avleveringseksemplara representerer ein svært stor kostnad for den avleveringspliktige, kan mottaksinstitusjonen etter søknad gje heil eller delvis refusjon for produksjonskostnadene.
Sending av dokument til mottaksinstitusjonen skal kostast av den avleveringspliktige. Kongen fastset nærare reglar om kven som har avleveringsplikt, kvar avleveringspliktig dokument skal sendast, tidspunktet for innsending og korleis sendinga skal skje.
§ 6. Når den avleveringspliktige ikkje er handlefør
Ved konkurs eller død skal buet oppfylla avleveringsplikta.
§ 7. Inndrege dokument
Kongen kan påleggja påtalemakta å syta for avleveringa, dersom avleveringspliktig dokument vert inndrege.
§ 8. Tvangsfullføring
Avleveringskrav etter føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova er tvangsgrunnlag.
§ 9. Straff
Den som med vilje eller aktlaust handlar i strid med føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova, kan straffast med bøter.
§ 10. Ikraftsetjing
Kongen fastset når denne lova skal ta til å gjelda. Frå same tidspunktet vert Lov av 9. juni 1939 nr. 2 om avleveringsplikt av trykksaker til offentlige biblioteker oppheva.